Mindhunter
Maya Vik - Oslo Knows
➡ ♥♥♥ Link: Maya vik kjæreste
➡ ♥♥♥ Link: https://dating18plus.ru/Brittney1991
De skal late som de er hverandre. Var fullstendig greit for min del, og det viste seg å vere ein fantastisk film ikkje så altfor ulik Benjamin Button filmen. Eg og snopposen til Steffen, som han la att her sist vi var på hytta og som han berre sååååå har gløymt av. Bilde: Slik var forholda litt over klokka 17 i kveld.
Dårlege pasningar, for lange avstandar mellom lagdelane, dårleg presisjon og lite struktur i laget, gjorde at publikum til tider stønna av skuffelse og oppgivnad. Det kan jo vere at dei ikkje vil svare av di dei er misnøgde med sexlivet?
usasofievik - Så blei eit tre eit viktig element i ei sak som opptar både tid og pengar i samfunnet vårt.
Dei var veldig ivrige og interesserte, og ville nesten ikkje la meg dra derifrå, haha. Eg lovde dei i alle fall at eg skulle kome tilbake på besøk, og så blei det til at Fredag forrige veke fekk eg dra dit att, sidan vi fekk gå klokka halv 12 og barneskulen hadde avslutningsdag ute. Det var altså han som dreiv og kyssa og klemte på meg så voldsomt sist, ein liten spretten svart gut. Dei andre hugsa meg etter kvart som dei innsåg kven eg var, og det vart minst like mykje hopping på ryggen og speling på telefonen, haha. Går i den fella kvar gong, når eg fyrst let ein unge prøve noko, så kjem alle dei andre og skal prøve og, og så blir det krangling om kven som var fyrst og sist, og eg endar med å aldri få tinga mine att. Eg trudde eigentleg aldri eg kom til å få fare tilbake hit, har tenkt på det fleire gongar i løpet av våren, men det var kjempekjekt at vi fekk det til! Dette er jo gjennom mora til Meredith, som er andreklasselæraren. Ho heiter Freida, og er ei fantastisk kjekk og morosam dame! Har det så kjekt når eg er på overnatting med Meredith og slikt, heile familien hennar er heilt fantastisk. Broren til Meredith er sjukt svær, og veldig veldig god i fotball. Han har fått collegetilbud frå alle dei største skulane i North Carolina, og også frå Florida, så det er veldig kult. Så når skuledagen var over, vart eg med Meredith heim ei stund før vi drog på eit Graduation Party til ei jente som heitte Abby. Der fekk vi grillmat, og folk hadde tatt med seg gitar og rytmekasse så det var bra stemning. Etter selskapet drog Meredith, Joseph, Bailey, Alex og eg tilbake til Meredith og tok oss eit nattbad i bassenget deira. Neste morgon sov vi vel til klokka var 12, og Freida mora til Meredith drog ut og kjøpte oss mat. Prøvde også litt av fotballutstyret til Alex. Har aldri sett større sko enn dei han har, veit ikkje korleis eg skal oversetje det til norsk ein gong, men det er i alle fall mist 52. Normal gutestørrelse her er liksom 9-13 og han brukar 18.... Så lørdags kveld drog eg heim og berre slappa av saman med Beth oh Bobby. Søndags morgon var det Senior Sønag i kyrkja, så eg fekk bibel med namnet mitt på. Vi hadde også lunch og dessert i kyrkja etterpå. Når eg kom heim frå kyrkja drog eg og spelte fotball ilag med Corey, noko vi had snakka om at vi måtte gjere i evigheiter før vi endeleg fekk ræva i gir, haha. Vi startar vel å innsjå at eg berre har nokre få dagar att her, som er heilt sjukt. Ship og hoi, no har eg graduation øvelse på skulen før mams og paps kjem, heilt sjukt kor tida flyg... Forrige veke var eksamensveke og siste veka mi på skulen her. Kjempevedmodig, har det så fantastisk kjekt i alle klassene mine dette semesteret. Har vorte veldig god venn med så mange berre av å ha klasser med dei liksom, og det blir veldig intern klassehumor i kvar klasse. Trur nok heile sosialiseringa rundt skulen her er det eg kjem til å sakne aller mest - alle timane, sport og kampar, arrangemang osv, det meste her skjer vel eigentleg på skulen. Gløymde å lagre bileta vi tok i 1st block, men det er mrs. Så har vi 2nd block, som er Engelsk med ein herleg gjeng: I starten var eg litt sånn - hadde ingen vennar der, men no kjenner eg alle der liksom. Trist at ein må reise når ein har det kjekkast! Så kjemi-klassa mi, der vi aldri gjer noko produktivt, haha. I denne klassa har eg alle dei beste vennane mine, veit ikkje kvar eg hadde vore om eg ikkje hadde tatt desse klassene! Så spelte vi Ultimate Frisbee som er sportsversjonen av å kaste frisbee , amerikansk football og lacrosse. Som de ser er kjemi og calculus klassa for det meste dei same folka. Kjem til å sakne alle såå mykje! Fredag var absolutt siste dag, og gym eksamen, som er veldig lett. Vi var ferdig tidleg, og kunne spele ballspel osv siste delen av dagen før vi fekk gå tidleg klokka halv 12. Kessler, som er læraren vår, lagar alltid cupcakes til oss før ferien, så vi hadde det kjekt og kosa oss og tok bilete siste dagen, og alle skreiv i yearbooksa til kvarandre osv. Aldri har skule vore så kjekt. Så mange minner, håpar for guds skuld eg ikkje gløymer eit einaste ett, men det er desverre dei små augeblikka som ikkje kan dokumenterast. Men eg har gjort mitt beste med å blogge det som kan bloggast, så eg har litt varigheit i det i alle fall! Forrige helg var ei travelt opptatt helg, mesteparten av den vart tilbringa med John, sidan vi måtte skrive song og lage musikkvideo i kjemiprosjektet vårt. John er ein av mine desidert beste vennar, han er alltid der når noko skjer, haha. Utrulig morosam og god fyr. Fritert all mogeleg slags fisk, hushpuppies typisk amerikansk , slaw typisk amerikansk og Fries. Etter Fish Fry'en drog eg vidare til Meredith, som hadde Graduation Pary. Det er som eit slags selskap for familie og nære vennar, og vi åt mat og kosa oss i bassenget. Der møtte eg også John igjen, og Joseph, Grayson og Alex. Søndag gjorde eg og John ferdig prosjektet vårt, som tok ca 5 timar, før vi bada i bassenget deira og etter ei stond gjekk over i badestampen. Var som ei gammal dame når eg gjekk derifrå, haha. Her er i alle fall det ferdige resultatet av filmen: haha, mykje intern humor her også. Vi fekk beste film i alle fall, så seier oss nøgde med det : Hei! Fredag var det Senior Day på skulen, ein slags avslutningsdag for alle seniorane. Dagen starta med gratis frukost for alle i kantina, og så fekk vi billettar til å kome inn på stadion. Når vi var samla i kantina var det videoframvisning, og herrefred så tårene trilla! Prøvde å sitje stille utan å grine men det gjekk berre ikkje. Såå mykje eg kjem til å sakne! Vi var ein godgjeng som spelte av elevane, men vi vart nok knuste 24-9 av lærarane, haha. Vi hadde nok ikkje mykje å stille opp med, sidan baseball og softball spelarane ikkje hadde lov til å vere med på laget vårt. Ethan, John, McKenzie og meg. Overraska over John som spelte sjukt bra softball, og eg gjorde det faktisk ikkje så verst sjølv heller, sjølv om eg ikkje rakk å bidra så mykje sidan det var så sjukt mange innbyttarar... Så var det tid for å gå opp på stadion, der dei hadde satt opp sjukt mange vannsklier og forskjellige hoppeslott og aktivitetar. Også stort anlegg med musikk, så det var sjuk stemning! Så utruleg artig: Grillmat var det også å få meg og khushbu Diamond, Kierra og meg i matkø meg, khushbu, jajuan og Diamond Jajuan er ein sjukt artig og flink footballspelar meg, jajuan, Lexi spelte på fotballaget mitt , Anthony, Diamond, to jenter som eg ikkje hugsar namnet på hysj , og Dylan Callahan. Blir verkeleg kjend med nye folk kvar dag her, og heilt umuleg for meg å halde styr på namn. Litt flaut at ho eine er i klassa mi, veit jo kva ho heiter men det står heilt stilt akkurat no. Verie var det ja, hårre meg og mr. Cally aka Dylan Junior Staff vennane mine: Peyton Tucker, Mary Catherine var på skitur med meg , Rachel også skitur meg, og Breanna fotballaget mitt Plakat ved inngangen til stadion! Haha, denne her var sjukt morosam! Var for biletet si skuld, no worries mamma! Ein heil gjeng, blant anna meg, John, Helle, Dylan Carp, Katie, Bailey, Jajuan, Ibrahim og fleire. Vart der faktisk til nesten sju om kvelden, så var meir som en fisk når eg kom heim haha. Alt over frå gymtimane Engelsk med kompisane, haha, skikkeleg artige typar... Hadde seriøst kjeda meg i Engelsk hadde det ikkje vore for desse luringane! Galnaste jenta eg har møtt, men så sjukt glad i ho! History Sååå har vi starta noko som heiter Powderpuff football, som er eit jentelag som skal spele amerikask fotball. Raider fotballspelarane er instruktørar, og vi trenar for ein kamp mellom seniors og juniors som er 9. Ikkje nok med ein jente-footballkamp, men så har også sjølvsagt gutane cheerleading konkurranse. Er så sinnsjukt artig og sjå på, og det er slike ting som er så fantastisk artig med eit utvekslingsår. Berre det å få spele fotball for meg er ein stor opplevelse, haha. Så har vi også åpna bassenget i hagen, som vert flittig brukt! Veldig deilig å kome heim svett frå footballtrening og kunne hoppe rett i bassenget. Her om dagen hadde vi også ein liten cookout, som var på memorial-day til minne som alle som har omkome i militærteneste Er ikkje dette Amerikansk, så veit ikkje eg... Forrige helg var det endeleg, for fyrste gang sidan november, turnering att med travel-teamet. Shelby var med faren, og Beth måtte jobbe, så eg drog med Buie-familia og sov med dei på hotell i Greensboro. Ein fantastisk herleg og morosam gjeng, også dei som er kjerna i fotballaget, sidan dei er trenarar og oppmenn osv. Turneringa gjekk veldig bra, og vi enda opp på 2. Søndag spelte vi siste innleiiande kamp som avgjorde at vi kom til finala. Det vil seie at dei fleste seniorane skulkar ein dag ilag og finn på noke kjekt saman med alle klassekameratane. Eg og ein heil gjeng drog til Haleigh Denham der Diamond bur som har eit svæært hus med eit svært basseng og ein innsjø ein også kan bade i. Så vi kosa oss med bading og soling heile dagen medan dei andre stakkarane satt på skulen. Haleigh har verdens søtaste pittelisje voffs! Like liten som ein kattunge Diamond kan ikkje klage på å ha denne utsikta i hagen.. Vi bestemte oss også for å symje over innsjøen ein heil gjeng, som var lengre enn det såg ut som... Så var det heim og ordne seg til idrettsbankett på kvelden, der alle sportane samlast og alle får diplom og spesielle hedersprisar vert delte ut. Meir eller mindre eit heilt måltid spør du meg! Eg, Altman, Destiny og Hailey fekk noko ein kallar All-conference og All-regionals, som vil seie dei beste spelarane i serien og regionen. Ikkje Bennie som bestem dette, men alle trenarane i kretsen. Sååå etter mi meining fortjente i alle fall Cassie og Helle det minst like mykje som oss, men ikkje noko å gjere med det. Som alltid må det jo takast bilete på eit arrangement! Kjekk kveld og fint og få ei skikkeleg avslutning på sesongen saman med spelarar. Fekk også diplom for volleyball. Då skal eg alså avslutte mi 17. Litt annleis enn kva feiringa vanlegvis dreiar seg om! Har hatt så mange opplevingar og så mykje program, men får ta høgdepunkta og opplevingane eg har tatt bilete av. Kvar dag er jo ei oppleving i mine auge - kjekke skuletimar, ein baseball eller softballkamp, ei kjekk trening, fotballkamp, ut og ete med vennar osv... I det siste har eg rett og slett starta å gløyme å ta bilete når eg går plassar, på starten av året dokumenterte jo eg alt som om det skulle være ein kriminalåstad.... Baseball og softball er forresten dei to sportane som framleis er igang, dei har gått vidare til 3. Kanskje høgdepunktet med heile baseballsesongen - få ein signert baseball! Hadde sååå lyst på ein, så etter det eg trudde var siste heimekampen ville eg gjerne få ein ball, men var vanskeleg å få tak i ein spelar etter kampen fordi alle var over alle haugar, men fekk til slutt Dylan Carpenter kjempehyggeleg og morosam fyr som eg har engelsk med, typen til Katie til å gi meg ein, men det var desverre ikkje in gameball, men var likevell superglad. Men så dagen etter på skulen sa Joseph at han kunne skaffe meg ein ball som var brukt i kampen, så eg fekk ein ball som var godt brukt og skitten frå kampen, og fekk alle spelarane eg kjenner til å signere den. Joseph Griffith, Dylan Carpenter, Dylan Callahan, Daniel Long lol, fin signatur nede til venstre, han har brote handa stakkar og Noah Stubbs, som eg var kjend med for 3 dagar sidan faktisk, haha. Manglar Cody Leviner og Demarcus, men møtte ikkje dei på skule den dagen. Etter Spring Break har eg vel mest fokusert på å få med meg Softball kampane framfor Baseball, sidan eg allereide har vore på sopass mange baseballkampar, i tillegg til at eg har mange gode venar på softballaget. Bileta under er teke frå mange forskjellige kampar. Baseball gutta og oss ser softballkamp Hadde reine fotoshooten med softballaget her om dagen, mange minnerike bilete! Butikken er jo heilt rett nær der eg bur, ca 1 km og gå, og ho trudde verkeleg ikkje på meg og meinte eg var gala. Slik er det veldig her, ingen går frå A til B med mindre ein er fattig og ikkje har bil, uansett kor kort avstand det er, ein køyrer frå ein del av parkeringsplassen til den andre liksom. Haha, no hoppar eg sjukt i tid og rekkefølge her, men må berre få ned bileta i minneboka, haha. Ein dag heilt random tok eg og Shelby oss ein tur til Wilmington, der stranda er. Mest truleg også her Shelby skal gå på college. Herleg å få sand mellom tærne att! Så kan eg vel gå over til min sport, som det meste av tida mi etter skule har gått til. Trening eller kamp kvar dag, og travelball i helgane. Nå er sesongen vår over, og vi enda opp med å ryke ut fyrste runde i State playoffs, 4-2, men vi spelte ein bra kamp mot eit godt lag. Sidan ranken vår var ganske dårleg møtte vi eit veldig godt lag, så var ikkje heilt uventa akkurat. Fartsdumpar på den er ikkje akkurat det mest behagelege eg har vore med på... Etter bortekamp er det mat på restaurant, blir litt for godt vand her borte... Vi spelte bortekamp mot dei på deira senior night, og det er jo alltid ein kamp heimelaget spelar bra... Eg scora fyrste målet 1-0, men så utligna dei 1-1... Vi gjekk inn til overtid, og i andre omgong på overtid scora eg 2-1 på eit langskudd. Er vanlegvis ikkje den som scora mål, så kjekt å faktisk vere toppscorar denne sesongen. Då gjer dei ære på alle seniorane, gjev dei blomster og les opp fakta og framtidsplanar om kvar av dei, og ein får små gåver. Ein går også i ein slags prosesjon ut på bana og tek trenaren og spelarane i hånda. Fekk også ein plakat signert av alle spelarane slik som i volleyball. Den aller siste kampen vår var bortekamp mot Jay M. Robinson i playoffs, der vi tapte 4-2 og var offisielt ferdige med sesongen og var samla for siste gang. Litt bittersweet, men eigentleg ganske deilig å vere ferdig med alt stresset og endeleg ha litt fritid... Det er altså eksamen i dei vanskelege faga mine, og eksamenen bestem om du får college credits for klassa, men ellers tel ikkje eksamenen noko. Dei var som forventa ekstremt vanskelege, men eg trur ikkje eg gjorde det alt for dårleg og håper eg bestod i alle fall matte. Etter eksamenane begge dagane drog vi ut og åt, og etter siste eksamenen drog eg og Khushbu på besøk til John og gjekk tur i skogen hans, haha.. Sjukt at dette er næraste eg har vore skikkeleg natur sidan eg kom hit. Så ellers bilete frå skulen: norwegians in 1st block også Luke som kjem inn og forstyrrar klassa kvar dag lol. Forrige fredag var det eit frivillig arrangemang kalla relay for life, som er ei nattmesse der inntektene går til kreft. Highschoolklubbane hadde standar, koret song, det var opptredenar og det var laga ein heil stig av stearinlys ein kunne gå, og ein kunne kjøpe lys og setje ned til minne for ein som hadde kjempa mot kreft. Lol snikbilete tatt av min ven Asha, haha. Einaste bilete eg hadde frå kvelden desverre, lol... Var jo med mange folk og ikkje berre han, men dette er altså prom date aka typen, Corey Smith. Tosdag kveld var det endeleg tid for å sjå den etterlengta pitch perfect2 så då var det jentekveld med Holli, Shelby og Beth. Elskar Pitch Perfect filmane, sinnsjukt feelgood jentestemning! Så fredag drog eg på kino igjen, saman med ein heil gjeng. Det starta vel som ein dobbel date med meg, Corey, Ana og Chuy, men så var det fleire som ville vere med så vi vart ei større gruppe. Dei hadde eigentleg tenkt til å sjå Pitch Perfect, som eg ikkje hadde noko imot sidan den var fantastisk bra, men den var utsolgt så det vart Age of Adeline istaden. Var fullstendig greit for min del, og det viste seg å vere ein fantastisk film ikkje så altfor ulik Benjamin Button filmen. Koseleg kveld med morosame og tvers igjennom gode folk! Dagen idag prøvde eg å nyte best mogeleg, og gjekk i dag tidleg på butikken og kjøpte jordbær og is. Gjekk dit i mariusgensar til ære for Noreg, men det var søren meg 26 grader og vindstille så haldt på å svime av. Satte meg deretter ut i hagen og naut livet, og seinare bar det vidare på fotballtrening med travel teamet før eg såg guttekamp på same bana. Ein heilt grei Amerikansk 17. Så kom eg heim og hjalp Bobby med å rense badebassenget, som vi mest truleg får klart til fredag. Skal verte sinnsjukt deilig å ha basseng i hagen, kan ikkje vente! No har eg altså det brukt rundt 4 timar på dette innlegget, så snart på tide å gi seg.... Så varmt at folk tek med paraply, lol! I morgon er det Senior skip dag, som er ein dag der alle seniorane skulkar og ein finn på noko kjekt med venane sine. Eg skal på poolparty med Haleigh Denham og Diamond, og så er det idrettsbankett på skulen om kvelden. Dette er vel 2 veker sidan, men betre seint enn aldri! Har verkeleg hatt den mest fantastiske turen ein kunne ha ønska seg, og den gjekk berre altfor altfor fort. Så mykje nytt og spanande og sjå saman med så mykje kjekke folk. Vi var så gåen i beina av å trakke frå morgon til kveld at eg knapt greidde å stå oppreist i dusjen når vi kom tilbake til hotellet, men det var så absolutt verdt det. Fredag stod vi opp klokka 4,´for å ta ein 10 timars lang busstur til Florida... Gjekk eigentleg utruleg fort, sidan vi hadde mange stopp, kjekke busskameratar og såg film på bussen. Var også god stemning sidan alle var gira Spente og klare ungdommar på bussen lunchpause i Georgia Nesten framme Ikkje kvar dag ein har slik utsikt ut bussvindauget! Endeleg framme på motellet Så snart vi kom fram gjekk vi på romma og pakka ut, og vi var faktisk på eit fantastisk anlegg med flott baseng og greier, men vi hadde sjølvsagt ikkje tid til anna enn soving og dusjing når vi faktisk var på motellet, som stort sett var berre på nattestid. Derfor er eg glad eg skal tilbake! Men mest truleg i California... Gjengen til venstre er vel gruppa eg haldt meg med stort sett heile turen. Der var også mange karusellar der, og ein Trey Songz konsert. Trey Songz er veldig populær her, veit ikkje kor det ligg an i Noreg, men eg hadde i alle fall ikkje høyrt om han før eg kom hit. Når vi endeleg drog heim til motellet klokka 2 på natta var vel alle eigentleg meir enn slitne og trøtte nok, siste to timane satt vi berre og venta på å få dra sidan vi hadde vore på reis heile dagen. Laurdag var det Blizzard Beach, som er ein vannpark i Disneyworld. Kjempefin park med mange artige waterslides og stand med bølgebasseng osv. Kjekt å få ein dag med varme og bading, ikkje berre trakking. Etter blizzard beach drog vi tilbake til motellet og fekk dusja og ordna oss, og vi fekk pizza før vi drog til Downtown Disney. Downtown Disney er som ei lang lang gate rundt ein innsjø med mange disneybutikkar, show og ting og sjå. Også mange kjempekule Disney-restaurantar med program og slikt. Mot kvelden når det vart mørkt var det kjempekoseleg å gå rundt innsjøen, og når vi kom til andre sida tok vi en guida båttur tilbake. Haha, elskar dissa karane her, skikkelege luringar... På båttur Søndag drog vi fyrst til Hollywood Studios, som var ein ny park med mange karusellar. Når eg seier karusellar så er det lange berg og dalbaner, men inne i filmsett med masse kule 3D og 4D effektar, ofte frå kjente filmar og slike ting, så det er sjukt artig! Nesten som å vere i drømmeland... I køa opp til tower of terror var det heldigvis mogelegheiter for å få setje seg ned medan ein venta! Heilt ufatteleg kor sleten ein vert i føta etter kvart... Denne dagen fekk vi ikkje pause, men drog rett vidare til Magic Kingdom så snart vi kom oss tilbake på bussen. Dette var nok favorittparken min saman med animal kingdom, dette som er det typiske disney-world føler eg, med disney-karakterar, det svære askepott-slottet og masse fyrverkeri. Slike hekke-statuer såg ein typisk overalt rundt i heile parken berg og dalbane På kvelden kom høgdepunktet med heile parken, nemleg det avsluttande lysshowet med disney-parada. Så overvelmande og fantastisk flott at eg orka ikkje å prøve å ta bilete av alt ein gong, sidan eg visste det ikkje kom til å bli på langt nær like bra. Definitivt ei bra avslutning på dagen! Kjempekoselege små-opplyste gater inne i magic kingdom Dårleg bilete av eit flott rakett-show Gjett om eg var gåen i føta etter denne dagen. Det verkte så sinnsjukt i beina, eg kunne ikkje anna enn å legge meg på senga når eg kom på rommet, så vidt eg greidde å stå oppreist i dusjen. Fjerde og siste dagen starta vi med Animal Kingdom, som er den andre av mine topp to favorittar. Her var det fokus på alle dyre-filmane i disney, og veldig mykje løvenes konge og jungelboken inspirert. Fantastisk tropisk atmosfære her, dei hadde til og med ein svær safari midt inne i parken. I animal kingdom var det forskjellige delar av parken, ein var afrika, ein var Asia og ein var jungelen trur eg. I asia var det typisk mulan og slike filmar, medan i Afrika var det løvenes konge og slikt. I Asia fekk vi møte mikke og minnie, og må nesten seie det var høgdepunktet med heile turen, haha. Aldri følt meg så mykje som eit lite barn att, vart så glad når dei kom sprettande og klemte og ville ta bilete. Så var det tid for safari, og vi såg så mange ville dyr som traska rundt ute på savanner midt inne i parken. Utruleg korleis dei får til slikt, og fantastisk å sjå at det var godt og åpent og ikkje berre små tronge innegjerda område på 10 kvadratmeter... Guiden opplyste heile tida at det var ingen garanti for kva dyr som var å sjå på turen, sidan dei fekk kome og gå fritt som dei ville. Likevel såg vi mange dyr, og dei fleste sjukt på nært hald og! Litt dårleg bilete, men sjå løvene! Ei ho-løve på toppen og ei hanne på botnen nede i graset. Eit av høgdepunkta med Animal Kingdom er løvenes konge showet, så det måtte vi sjølvsagt få med oss! Er så fantastisk god stemning, masse glade og fargerike kostymer, munter musikk og mykje akrobatikk. Kunne ha sett showet 10 gangar og ikkje vorte lei er eg sikker på. Det siste på programmet var epcot, som er ein meir internasjonal og lærerik park, og det er der alle dei små landa inne i parken er inkludert Noreg Her ser de verdens største golfball i bakgrunnen, og det er ei berg og dalbane inne i sjølve kula. Speilbilete Der var ein cola-fabrikk inne i epcot, der ein kunne smake forskjellige cola produkt frå rundt om i verden. Mykje som smakte veldig rart, haha. Måtte ta bilde med Elsa og Ana frå Frozen. Veit ikkje heilt om folk er klar over det, men Frost er veldig basert på Noreg, så i den vesle norske landsbyen var det eit museum som viste korleis Noreg har inspirert Frost. Så gjekk vi inn i den internasjonale parken, som var ei lang lang lang gate rundt ein innsjø. Mexico Tyskland Noreg - var ein smule skuffa over Noreg faktisk, ein av dei minste landa som var der og veldig lite interessant eigentleg... Vaffle med brunost var sjølvsagt eit høgdepunkt, og Diamond som er gal etter ris måtte sjølvsagt prøve riskrem, men den var ikkje god i det heile og smakte ikkje litt som i Noreg... Sjølvsagt må skjønnheita og udyret representerast i Frankrike. Over ser vi England, som var veldig Alice in Wonderland inspirert Canada Herlighet, Diamond kjøpte Sushi og eg åt ein heil bit og ho sa eg ikkje fekk lov til å spytte ut... Voldsomt med brekningar og tårer i augene, haha. Litt rart eigentleg, for eit år sida hadde eg aldrig i verden gått med på å verken ete eller smake sushi, reker, maiskolber osv... Likar faktisk mykje meir, og forstår ikkje heilt kva problemet mitt har vore før, haha. Dagen her vart også avslutta med eit heidundrandes fyrverkeri så snart det mørkna. Veit ikkje heilt kor eg skal avslutte dette, men kan seie det var ei oppleving eg vil huske heile livet forhåpentlegvis , og det var ikkje eit sekund på turen eg følte meg uttafor, kjeda meg eller heller ville vore ein annan stad. Så mange fantastisk kjekke, morosame og herlege folk, det var ikkje dårleg humør eit sekund på turen. Også veldig glad eg budde på rom med Victoria, Diamond og Maizey, fantastisk kjekke jenter med godt humør. Gler meg så mykje til California og Florida no når eg har fått ein smakebit! Igår, laurdag, var det prom - altså kanskje det største eventet iløpet av highschool, nemleg skuleball. Tør ikkje å sei kor mykje eg enda på ein gong... Eg starta dagen med å dra til ein frisør og få ordna håret mitt. Neglene hadde eg allereide fått ordna dagen før på same salongen. Ho som stripar og klipper med laga til håret mitt, og eg hadde fått ei prøverunde forrige veke, så visste det kom til å bli bra. Etter håret var oppsatt drog eg heim til Shleby og Khushbu Shelby ordna håret til Khushbu og vi ordna oss og sminka oss ilag. Det er tradisjon her at guten kjøper ein blomster som går på handleddet til jenta, og jenta kjøper ein blomster som går på dresskragen til gutane. Tradisjonen tru skal ein også feste dei på kvarandre. Ein del bilete og slitne kjakar seinare fekk vi ei lita pause frå fotograferinga for å fare til Haleigh Denham, som hadde fotosesjon i hagen, sidan dei har veldig flott utsikt og god plass. Så der vart det meir bilete, også med alle vennane vi drog saman med. Meg og mi kjære Diamond Senior trip jentene - Maizey, Skylar, meg, Diamond, Taylor, Cassidy og Victoria Haleigh, meg, bailey og Khushbu meg, helle, victoria - meg, john, helle - chuy og corey Sjekk alle blomstrane! Sjukt fine jentebilete - herlegheit, alle utvekslingsstudentane med nesten lik kjole... Når vi var ferdige å ta bilete der drog vi ein vennegjeng på 19 par til Soutnern Pines i tre minibussar og åt på fin restaurant. Fantastisk flott laga til til oss med langbord i ein utesesjon med flotte blomar og fontener rundt oss, likna nesten på ein fin restaurant i hellas. Såg dei hadde kebab på menyen, så tenkte eg skulle prøve det, men resultatet var noko litt anna enn forventa haha. Men eg klaga aboslutt ikkje, fekk eit biffmåltid med grilla grønsaker, maiskolbar som eg faktisk likar no, les mamma , og bernaise saus. Og det til 120 kr liksom... Men uansett eit fantastisk måltid, så klagar ikkje! Så, etter eit langt og godt måltid var det klart for sjølve ballet. Det var flott dekorert med svarte vekkar med gullstjerner, masse gullballongar, glitter og pynt overalt, og eit langbord med punch, masse frukt og snacks, og dansegolv i midten. Ute i gangen var det også oppsatt flott fotostudio der folk kunne ta bilete. Har ikkje bilete frå sjølve ballet, tok faktisk ikkje eit einaste eitt, men det var veldig mørkt og hadde vorte dårleg uansett. Alle her sa før prom at sjølvet ballet eigentleg ikkje er noko stor greie, sjølvsagt var jo det kjekt å komme inn i eit pynta festlokale og sjå alle andre som hadde pynta seg, men dei hadde igrunnen rett, alle drog over alle haugar og det vart mest svimsing runt omkring. Etter ca ein time på ballet samlast gjengen seg igjen, og alle drog og skifta til mindre pynta festkle, før vi drog til Joseph si familie, som hadde laga midnatts frukost til oss. Litt lite bilete, men gruppebilete screenshotta frå instagram teke i stova til Joseph. Joseph er rett under han som held henda i været, og ein veldig god kompis som eg ahr kjemi og calculus med. Han er også veldig god keeper og skal spele 2. Ei jente som heiter Scotland haldt after-prom partyet, og dei hadde laga stort bål ute i ein hage, og folk kjørte truckane sine ned så vi hadde musikk. Koseleg i starten, men litt for mange hadde fått i seg både litt av kvardt så vi vart sittande der og sjå på all galskapen til slutt, før vi endeleg drog heim rundt 4 på morgonen. Eg overnatta saman med ein heil gjeng med Grayson, ei venninde som også har kjemi. Dagen etter stod eg opp og vart med Meredith heim, og så drog vi i kyrkje og ba for alle syndene dagen før, haha. Neida, gjorde faktisk ikkje stingande støv, sjølv om folk var både høge og lave og fulle og tomme kan eg ærleg seie at eg ikkje drakk eller gjorde noko som helst, det frista eigentleg ikkje heller sidan eg såg korleis mange oppførte seg, og dei fleste eg var ilag med drakk ikkje heller. Etter kyrkja drog vi heim til Meredith og eg tok ein middagslur etter rundt 5 timar søvn natta før medan Meredith gjorde lekser. Etter det drog vi til youth-group med kyrkjegjengen til Meredith blant anna Grayson og Joseph før vi drog ut og åt og eg til slutt drog heim. Kort og greitt oppsummert den beste og mest opplevelsesrike dagen i mitt liv så langt om eg kan seie det slik. Var redd dagen ikkje skulle leve opp til forventningane, men det gjorde den absolutt og meir enn det.